Heltar i vinterfjellet

Heltar i vinterfjellet

Det ble et tomrom når alle hunder, deres eiere, handlere og heiegjenger pakket sammen og forlot vår region. Til deg som deltaker, om du fullførte eller valgte å bryte Femundløpet, er vi full av beundring og innsatsen – det står respekt av enhver avgjørelse. Vi dedikerer følgende til dere alle:

Heltar i vinterfjellet

Tekst: Ivar Vaa

Slitne bikkjer, slitne kjørarar, slitne handlarar, slitne arrangørar. Men glade og full av entusiasme, brenn dei for sporten sin. Det glødar eit bål der inne i kvart einaste menneske av dei som har arbeidd dag og natt dei siste dagane med Femundløpet. Dei elskar sledehundsporten. For oss vanlege, som står i gata når dei startar på si ferd, heiar og sender lukke til på reisa, kan berre ane korleis det kjennast. Eg er så imponert og audmjuk her eg sitt heime og vil sende denne helsinga.

Det er andakt og styrke å sjå eit kobbel med veltrena hundar og ein kjørar bak dei på tur ut i fjellet for å kjempe om tider og framdrift ute i vinternatta. Kva rører seg i hovudet på hundane, kva tenkjer kuskane på der dei er overlatt til seg sjølv? Vi høyrer hundane snakkar sitt språk og viser sin iver før start, så lar dei seg stroppe fast i selen sin for å sette i gang, sjå framover og arbeide med all kraft. Det blir stille. Ingen uro lenger. Sledane pakka for det harde fjellet, kusken, kledd for vær og snø. Opp gjennom Kjerkgata ser vi dei osar avstad og blir borte i vinteren. Det susar svakt i meiane. I folkemengda står vi att.

Ut i vinteren og naturen er spannet no, heilt for seg sjølve dit dei skal. Om nokon er heltar akkurat no, er det desse. Bikkjene, folkens, med ein arbeidsmoral og lojalitet som er noko å sjå opp til. I 650 strabasiøse kilometer, lengre enn ein dags biltur, misser dei aldri motet. Slike motkrefter har dei ikkje. Det ville vore å ha handbrekket på for å snakke bilspråk. Kreftene deira går berre i ein retning, framover. Ei lyskjegle, eit svakt spor å gå etter, snødrev og kaldt kanskje. Vinterfjellet, natta og spannet. Ein flokk ryper lettar like ved. Mest utan søvn står det ein bak og vil med heile sitt hjarte at bikkjene skal ha det bra og orke oppgåva dei er satt til. Saman brenn dei for kraftprøva si. Det er ei stor oppgåve som teller no.

Det er rørande og audmjukt å oppleve ein ekvipasje trygt i mål. Groggy og utbrukt, men glad i kvarandre. Det fyrste menneskekusken gjer er å gå fram til hundane sine og takke for turen. Det gjev meg klump i halsen. De er heltar alle saman.

Når ein veit kva som ligg bak av arbeid før dette frå alle som er involvert er det berre å ta av seg luva for det. Men mest av alt er det hundane.